Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samferdsel

Frå 1. oktober kan du ha med hund på FRAM Ekspress-rutene

For å gjere det enklare å reise kollektivt med hund, vil det frå søndag 1. oktober vere tillat å ha med hunden om bord på FRAM Ekspress-rutene.

Les meir

Nytt og betre rutetilbod på Smøla

I haust starta eit nytt og betre rutetilbod med bussrutene 831 og 832 på Smøla. No er det korrespondanse både til og frå alle hurtigbåtavgangane til Kystekspressen på Edøya.

Les meir

Nordmørspakka er ute på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har no ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre, den såkalla Nordmørspakka. 

Les meir

Utvida ferjetilbod mellom Eidsdal-Linge dei neste to helgane

Sommartabellen med A- og B-ferje blir forlenga til dei neste to helgane, veke 37 og 38, for ferjesambandet 15 Eidsdal-Linge.

Les meir

Ferjeruta Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

Les meir

Signerte første kontrakt på Nordøyvegen

Pressemeldinga under er skrive og sendt ut av Statens vegvesen.

Statens vegvesen har inngått kontrakt med AF ABOL om førebuande arbeid på Skjeltene.

Les meir

Forslag om å endre på busstilbodet i Giske og Ålesund

- Busstraseane og –rutene har vore uendra i kommunane Giske og Ålesund i mange år, medan det har skjedd mykje med bustadutbygging og næringsutvikling, seier Svein Ivar Aarskog, rådgivar og fagansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Åtte entreprenørar har levert tilbod på førebuande arbeid på Myklebust

Pressemeldinga under er skrive og sendt ut av Statens vegvesen.

Kontrakten er på bygging av forskjering (startpunkt) for Fjørtofttunnelen.

Les meir

Endringar for nattbussen i Ålesund

Frå og med natt til 10. september, blir det endringar for nattbussen i Ålesund. Dette i samband med at skjenketida i Ålesund er endra. 

Les meir

- Det skal vere trygt å ta skolebussen

Samferdselssjef Arild Fuglseth seier seg lei for at ei gruppe elevar i Kristiansund fekk ei ubehageleg oppleving under skoleskyssen på måndag. – Det skal vere trygt å ta skoleskyss, presiserer han. Bussen skal stoppe ved dei busstoppa der passasjerane ønsker å gå av. Når dette ikkje skjer, er det ikkje vanskeleg å forstå at elevane vart urolige og redde, seier Fuglseth.

Les meir

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 28 02 79 /
Mob. 913 78 582
Send e-post

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune er største vegeigar i fylket og har ansvar for å planlegge tiltak, utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Fylkeskommunen har også ansvar for buss, hurtigbåt og ferje i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM.

Gjennom samferdselsarbeidet ønsker fylkeskommunen å bidra til å skape eit attraktivt fylke, med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar.

Kollektivtilbodet

Reisekort

Handlingsplan samferdsel 2013-2022

Handlingsprogram for samferdsel 2017

Snarvegar