Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samferdsel

Utvida nattbusstilbod under Tahiti-festivalen 2018

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida nattbusstilbod i Kristiansund under Tahiti-festivalen. Avgangane vil gå natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

Les meir

Ekstra sommarferje og auka takst mellom Eidsdal - Linge

For å unngå lange ferjekøer i sommarsesongen, har Møre og Romsdal fylkeskommune bestilt ekstrakapasitet for ferjesambandet Eidsdal – Linge frå og med måndag 25. juni, som er ei veke tidligare enn i 2017.

Les meir

Ålesund rutebilstasjon: sporendringar frå 23. juni 2018

Frå laurdag 23. juni 2018 endrar fleire av bussane spor ved Ålesund rutebilstasjon. Endringane blir permanente. Årsaka til endringane er å betre tryggleiken og gjere det enklare å komme seg fram.

Les meir

Fylkeskommunen får 12,5 millionar til smartare transportsystem

Møre og Romsdal er ein av fem fylkeskommunar som har fått pengar til å utvikle eit smartare transportsystem. Det er Samferdselsdepartementet som no gir fylkeskommunen 12,5 mill. kroner til eit prosjekt, som skal auke bruken av sjøvegen til persontransport.

Les meir

Ei trygg og triveleg reise for alle

Vi ønsker at det skal vere triveleg å reise med FRAM og at du skal føle deg trygg når du reiser kollektivt. Det er fleire ting du kan gjere for å bidra til ei trygg og triveleg reise for alle!

Les meir

Delar av Ålesund sentrum blir stengt for busstrafikk i sommar

Med Ålesund Live 15. og 16. juni, startar festivalsommaren i Ålesund. Deretter kjem båtfestivalen, Nordic Escape og matfestivalen. Under festivalane blir delar av sentrum stengd for busstrafikk, enkelte busshaldeplassar blir ikkje betent.

Les meir

Mathias, Olav, Carsten og Markus vant kampanjekonkurranse

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, ved marknadsseksjonen, har i vår gjennomført ein kampanjekonkurranse for FRAM Ung (periodebillett for ungdom). Deltakarane i konkurransen var Medier og kommunikasjon vg2 frå dei vidaregåande skolane i fylket, og totalt deltok 24 grupper frå 4 skolar.

Les meir

Pristilboda på Nordøyvegen er opna

Fire entreprenørar konkurrerer om hovudkontrakten på Nordøyvgen. Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og vegbygging mellom Harøya og Skjeltene i Sandøy og Haram kommune.

Les meir

No kan du reise med «Beatrice» i Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom kollektivtilbodet FRAM og Operaen i Kristiansund har gått saman for å få fleire til å reise kollektivt og få merksemd rundt familiemusikalen «Syver og Beatrice».

Les meir

Trafikktryggingsprisen 2018

Fylkestrafikktryggingsutvalet deler ut prisen til organisasjonar, lag eller enkeltpersonar som har gjort særleg godt arbeid for trafikktrygginga.

Send inn forslag !

Les meir

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 28 02 79 /
Mob. 913 78 582
Send e-post

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune er største vegeigar i fylket og har ansvar for å planlegge tiltak, utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Fylkeskommunen har også ansvar for buss, hurtigbåt og ferje i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM.

Gjennom samferdselsarbeidet ønsker fylkeskommunen å bidra til å skape eit attraktivt fylke, med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar.

Kollektivtilbodet

Reisekort

Handlingsplan samferdsel 2013-2022

Handlingsprogram for samferdsel 2018

Snarvegar