Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Samferdsel

Sommarrute for Sølsnes-Åfarnes og korresponderande buss

Måndag 12. juni vil ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes begynne med A- og B-ferje på strekninga. To-ferjeløysinga vil vare fram til 18. september, sommarperioden er lengre enn tidlegare. For at bussane skal korrespondere, blir bussrutene også endra.

Les meir

Avtale om skumslukkingsutstyr på Seivika-Tømmervåg

Frå hausten vil det ikkje lenger vere avgrensingar for dei reisande ved gasstransport om bord på A-ferjeavgangane på ferjesambandet Seivika-Tømmervåg.

Les meir

Avtale om ekstrakapasitet for Stranda-Liabygda i sommarperioden er klar

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 har inngått ein avtale om ekstrakapasitet i sommarperioden for ferjesambandet Stranda-Liabygda. Avtalen har ein varigheit for resten av kontraktsperioden ut 2019.

Les meir

Justeringar i FRAM Flexx-tilbodet frå 1. juni 2017

Som følge av endringar i rutetider for buss og ferje, blir det nokre justeringar i FRAM Flexx-tilbodet i kommunane Aure, Halsa, Herøy og Haram frå 1. juni 2017.

Les meir

Nye kort for TT- brukarar frå 1.august 2017

Møre og Romsdal fylkeskommune har signert kontrakt med Taxi Transport Telemark Administrasjon AS (TTT Administrasjon AS) for levering og drift av den elektronisk løysinga for transporttenesta for funksjonshemma (TT- ordninga) i Møre og Romsdal.

Les meir

FRAM og Ålesund kommune gjer seg klar for sommaren

- Sommaren står for døra, og med det fleire festivalar i Ålesund sentrum. I samband med festivalane blir delar av sentrum stengd for busstrafikk, fortel Svein Ivar Aarskog i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Les meir

Elektrifiserer fleire ferjesamband i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune fortset elektrifiseringa av ferjetrafikken. Etter å ha sørga for å kutte CO2-utsleppa med nesten 90 prosent på to ferjesamband på Sunnmøre, håpar dei no på liknande klimakutt på Nordmøre.

Les meir

Signerte kontrakt for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm

Fredag 12. mai signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 AS kontrakten for den framtidige drifta av ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm, knytt til fylkesveg 61 og 60.

Les meir

Svært nøgd med kollektivsamarbeid

Etter innspel frå Sande kommune gjorde samferdselsutvalet i desember 2016 eit vedtak om betring av grunnskoleskyssen i Sande kommune. 

Les meir

No kan du kjøpe 24-timarsbillett i byane

Det er no mogleg å kjøpe ein periodebillett for bussane i byane Kristiansund, Molde og Ålesund, som er gyldig for ein periode på 24 timar. 

Les meir

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 28 02 79 /
Mob. 913 78 582
Send e-post

Samferdselsavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune er største vegeigar i fylket og har ansvar for å planlegge tiltak, utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Fylkeskommunen har også ansvar for buss, hurtigbåt og ferje i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM.

Gjennom samferdselsarbeidet ønsker fylkeskommunen å bidra til å skape eit attraktivt fylke, med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar.

Kollektivtilbodet

Reisekort

Handlingsplan samferdsel 2013-2022

Handlingsprogram for samferdsel 2017

Snarvegar