Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesvegar

Fylkesvegar

Som vegeigar har fylkeskommunen eit viktig ansvar for planlegging, drift, investering og forvaltning av fylkesvegnettet.

Møre og Romsdal fylkeskommune eig og har ansvar for 3240 km fylkesveg (inkl. gang- og sykkelvegar). Vegeigaransvaret omfattar m.a. 61 tunnelar med ei samla lengde på om lag 78 000 meter, 1151 bruer med ei samla lengde på om lag 26 000 meter og totalt 57 ferje- og hurtigbåtkaier

Som vegeigar samarbeider Møre og Romsdal fylkeskommune tett med Statens vegvesen Region midt, som gjennomfører oppgåver knytt til planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning (gjennom sams vegadministrasjon) av fylkesvegane i Møre og Romsdal.

Kven kan svare på kva?

Møre og Romsdal fylkeskommune er som vegeigar den som svarer på spørsmål om strategiar, prioriteringar og overordna planlegging. Spørsmål om slike forhold skal rettast til fylkeskommunen.

Statens vegvesen Region midt er fylkeskommunen sin fagadministrasjon og svarer på konkrete spørsmål knytt til planlegging av vedtekne vegprosjekt, gjennomføring av tiltak, samt drift- og vedlikehaldsoppgåver. Spørsmål om t.d. arbeidsvarsling, gravemelding, avkjørsler og byggegrenser skal også rettast til Statens vegvesen Region midt.

Spørsmål om kommunale vegar skal rettast til kommunane.

 

Kart over samferdslesystemet i fylket.

Samferdselsystemet i Møre og Romsdal

 

Sakshandsamarar infrastruktur:

Kontaktpersonar

Per Ove Nydal Per Ove Nydal
Seksjonsleiar infrastruktur
71 28 01 24 /
Mob. 416 99 916
Send e-post