Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kollektivtilbod

FRAM er namnet på kollektivtilbodet i Møre og Romsdal og skal sikre reisande eit godt tilbod med buss, hurtigbåt og ferje.

Foto: Terje Aamodt

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune utviklar, planlegg, bestillar og samordnar kollektivtrafikken i fylket.

Informasjon om rutetider, billettar og annan reiseinformasjon finn du på nettsida frammr.no, eller du kan ringe FRAM Kundesenter på tlf. 177.

I nye kontraktar for buss, ferje og hurtigbåt har vi også ansvar for marknadsføring av tilbodet.

All operativ drift blir utført av ulike operatørselskap som køyrer på kontrakt for fylkeskommunen innanfor same billett- og prissystem.

Andre oppgåver

Samferdselsavdelinga er også involvert i etablering og drift av kollektivtransportterminalane i fylket, godstransport og infrastruktur for veg, fly, farleier og hamner.

Samferdselsavdelinga er forvaltningsorgan for løyver etter yrkestransportlova og gjer vedtak om skoleskyss etter opplæringslova. Vi legg til rette for å frakte skoleelevane som har rett på gratis skyss til og frå skolen kvar dag.

Kontaktpersonar

Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Kollektivtilbodet

Snarvegar