Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > 1. mai blir det endringar i rutetidene til FRAM

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

1. mai blir det endringar i rutetidene til FRAM

Frå og med 1. mai blir det endringar i rutetidene for kollektivtilbodet. Dette gjeld både buss, ferje og hurtigbåt. 

Frå og med 1. mai bør du sjekke om det er endringar i buss-, ferje- eller hurtigbåtrutene der du bur.

Foto: Ann Olaug Slatlem

Her finn du ruteinformasjon

- Du kan finne ruteinformasjonen for kollektivtilbodet ved å gå inn på frammr.no, bruke FRAM-appen, kontakte FRAM Kundesenter eller besøke trafikkterminalane. I dei digitale kanalane våre får du i tillegg til den oppdaterte ruteinformasjonen prisane og informasjon om eventuelle forseinkingar, fortel samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Få endringar

- Vi har gjort mindre endringar på nokre av avgangane og rutene. Grunna økonomiske tilhøve blir det gjennomført mindre reduksjonar i rutetilbodet, og desse endringane er lagt opp slik at det er enkelte ruter med få reisande som blir ramma, legg Fuglseth til.

Vedtaket om å kutte i drifta av kollektivtilbodet kom i samferdselsutvalet den 24. oktober 2018, og var med i grunnlaget for økonomiplana som fylkestinget vedtok.

Blant endringane i kollektivtilbodet frå mai, vil avgangane til hurtigbåtrute 39 Molde-Vestnes-Sekken på søndagane og heilagdagane takast bort. Avgangane til nattbussen i Kristiansund (rute 810) er tatt bort i det ordinære tilbodet, men for kveldane det er Tahiti-festival vil det vere eit tilbod som tidlegare år. For avgangane i Giske kommune vil det det vere endringar i rutetidene, sidan tunnelane til Ålesund opnar igjen.