Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Ålesund: Nye flybussrutar frå 26. mars 2017

Kontaktpersonar

Inge  Rønstad Inge Rønstad
Rådgivar
71 28 02 48 /
Mob. 986 84 151
Send e-post

Ålesund: Nye flybussrutar frå 26. mars 2017

Søndag 26. mars 2017 startar ein ny rutetermin for flybussane i Ålesund. Rutetidene er justert etter nye avreise- og ankomsttider for flya.

Normaloppsett flybussen frå flyplassen mot Moa

Innanlandsfly: bussavgang 15 minutt etter ankomst

Rutefly frå utlandet: bussavgang 20 minutt etter ankomst

Charterfly (inkludert fly frå Alicante): bussavgang 30 minutt etter ankomst

Normal avgangstid for flybussen mot Moa er altså 15, 20 eller 30 minutt etter oppsett ankomsttid. Dersom eit fly er forseinka, skal bussen vente til 15, 20 eller 30 minutt etter faktisk ankomsttid, avhengig av om det er eit innanlandsfly, rutefly frå utlandet eller charterfly.

Buss til/frå Valderøya

Ruteopplegget for flybussen til/frå Valderøya er uendra. 

Flybuss frå sentrum og Moa til flyplassen

Frå sentrum og Moa går flybussen til faste tider. Du finn informasjon på frammr.no, i rutehefte og på oppslag på haldeplassane. 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå frammr.no eller ring 177.