Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Barnehagebarn kan reise gratis med FRAM-bussane

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Barnehagebarn kan reise gratis med FRAM-bussane

Frå og med 1. januar kan barnehagane reise med FRAM-bussane mellom kl. 09.00 og 13.00 utan å betale for billetten til barna.

Ut på tur, heilt gratis! I alle fall om du går i barnehage og reiser mellom klokka ni og ett. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Tilbodet gjeld for bussavgang etter kl. 09.00 og før kl. 13.00, alle kvardagar. Vaksne betalar vanleg billett for bussen.

- Dette er ein veldig god moglegheit for barnehagane til å kome seg lengre ut på tur utan at det går utover økonomien, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Barnehagane må likevel vere merksame på at dersom bussen køyrer med ferje eller gjennom bom på turen, må dei betale for dette. Ferje og bom vil bli lagt inn i billetten på bussen.

Reise med mange barn

Lillevevang presiserer at barnehagar som planlegg å reise på busstur i ei større gruppe, treng å melde dette inn i god tid til FRAM Kundesenter, seinast kl. 12.00 dagen før. Dette er viktig for å sikre at det blir nok plass til både barnehagen og andre passasjerar.

FRAM Kundesenter treng å vite talet reisande, rute og forventa avgang. Barnehagane kan melde inn gjennom kontaktskjemaet på frammr.no eller på telefon 71 28 01 00.