Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Busskontraktane med Veøy og Boreal er signert

Kontaktpersonar

Stein Fredrik Røstberg Stein Fredrik Røstberg
Rådgivar
71 28 02 47 /
Mob. 908 30 445
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Busskontraktane med Veøy og Boreal er signert

Møre og Romsdal fylkeskommune signerte onsdag 06. april kontraktane med Veøy Buss AS og Boreal Transport Midt-Norge AS for å tilby busstenester i dei siste kommunane.

Frå venstre assisterande samferdselssjef Magne Vinje, rådgivar Stein Fredrik Røstberg, styremedlem Jim Klungnes i Veøy Buss AS og disponent Arne Langseth.

Kontrakten med Veøy Buss AS inneheld rute- og skolekøyring i Rauma og Vestnes kommune, samt ekspressbussruten mellom Molde og Åndalsnes. I produksjonen for kontrakten ligg 1.209.940 rutekilometer per år.

Kontrakten med Boreal Transport Midt-Norge AS inneheld rute- og skolekøyring i kommunane Eide, Fræna, Aukra og Midsund. Med ein total produksjon på 1.702.774 rutekilometer per år.

– Vi er nøgd med å kunne vidareføre det gode samarbeidet med Veøy, denne gongen i ein anna type kontrakt. Å kunne begynne å samarbeide med ein ny aktør som Boreal ser vi også optimistisk på, seier Magne Vinje, assisterande samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Alt over på bruttokontrakt

Bilete av representantar frå MRFK og Boral Transport Midt-Norge AS

Frå venstre Eirik Rambech Knoff, dagleg leiar i Boreal Transport Midt-Norge AS, og frå Møre og Romsdal fylkeskommune rådgivar Stein Fredrik Røstberg og assisterande samferdselssjef Magne Vinje.

Med kontraktsigneringane er arbeidet med å få busstilbodet i Møre og Romsdal over på bruttokontrakt klart. Begge dei nye kontraktane startar opp frå 1. januar 2017 og varar i ti år.

– Vi i Veøy er stolte og kry av å vidareføre samarbeidet, uttalar Arne Langseth, disponent i Veøy Buss AS.

– Vi ser fram til eit godt samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, uttalar Eirik Rambech Knoff, dagleg leiar i Boreal Transport Midt-Norge AS.

 

Heile busstilbodet blir samla under FRAM

Bussane som skal køyre i desse områda frå nyåret av vil altså vere det aller siste som kjem under busstilbodet til FRAM.

– Med desse kontraktane på plass har vi samla busstilbodet til fylkeskommunen under ei teneste og eitt namn, avsluttar Vinje.