Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Christie & Opsahl AS og Statens vegvesen har skrive under kontrakt om ombygging av Sandvika fergekai

Christie & Opsahl AS og Statens vegvesen har skrive under kontrakt om ombygging av Sandvika fergekai

Tidlegare denne veka skreiv Statens vegvesen og Christie & Opsahl AS under kontrakt for ombygging av Sandvika fergekai på Tustna. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppdragsgivar.

Utbetringane av Sandvika ferjekai på Tustna skal vere ferdige 1. oktober 2019
Foto: Statens vegvesen

Arbeidet består av utfylling i sjø for utviding av landområdet, bygging av ny brubås med bru, samt utviding av breidda og forlenging av tilleggskaia.

- Vi startar på ombyggingsarbeidet umiddelbart. Den nye kaia skal vere ferdig til 1. oktober 2019, seier prosjektleiar Olav Megrund i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Dagens bås og bru skal fortsatt vere der, og vil framleis vere hovudkai. Den nye kaia vil fungere som ligge- og reservekai.

Sambandet mellom Sandvika og Edøya på fylkesveg 669 skal bli elektrisk frå 1. januar 2021. 

Du kan lese meir om ombygginga på nettsida til Statens vegvesen

Bilde av Sandvika ferjekai

Foto: Staens vegvesen

Plansskisse av Sandvika ferjekai som viser dagens og ny kai

Planskisse for arbeidet Foto: Statens vegvesen