Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > - Det skal vere trygt å ta skolebussen

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

- Det skal vere trygt å ta skolebussen

Samferdselssjef Arild Fuglseth seier seg lei for at ei gruppe elevar i Kristiansund fekk ei ubehageleg oppleving under skoleskyssen på måndag. – Det skal vere trygt å ta skoleskyss, presiserer han. Bussen skal stoppe ved dei busstoppa der passasjerane ønsker å gå av. Når dette ikkje skjer, er det ikkje vanskeleg å forstå at elevane vart urolige og redde, seier Fuglseth.

– Det skal vere trygt å ta skoleskyss, seier samferdselssjef Arild Fuglseth
Foto: Terje Aamodt

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken er oppteken av at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. – Fylkeskommunen har eit ordensreglement for elevane som også gjeld på veg til og frå skolen, seier Brekken. Dermed gjeld det også på skolebussane. Han seier vidare at regelverket for elevane sitt skolemiljø vart revidert og innskjerpa frå 1. august i år. – Her går det fram at alle som har kontakt med elevar i skoletida, dermed også på skolevegen, er underlagt reglane i opplæringslova. Vi meiner reglane på denne måten gjeld sjåførar av skolebussar, noko som også er presisert av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

-På eit generelt grunnlag skal bussjåførane reagere overfor elevar som oppfører seg i strid med ordensreglementet på skolebussen. Etter reglane i opplæringslova har sjåførane varslingsplikt til skolen, avsluttar fylkesutdanningssjef Brekken.

Samferdselssjefen har vore i kontakt med leiinga i Tide, og det er avtala eit møte om denne saka så snart politiet har konkludert. Både fylkesutdanningssjefen, samferdselsjefen og Tide meiner at hendinga har vore uheldig, og noko som både bussjåføren og elevane burde sleppe å oppleve. Ut over dette ønsker dei ikkje å uttale seg vidare i saka før politiet har ferdigstilt den pågåande etterforskinga.