Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Dialogseminar for utslippsfri sjøtransport mellom Geiranger-Hellesylt fredag 29. mars

Kontaktpersonar

Jesper Wiig Jesper Wiig
kontraktsjef
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post
Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Seksjonsleiar
71 28 04 30 /
Mob. 916 07 588
Send e-post

Dialogseminar for utslippsfri sjøtransport mellom Geiranger-Hellesylt fredag 29. mars

På strekninga Geiranger-Hellesylt er det i dag ei kommersiell ferjerute i sommarhalvåret. Selskapet som driv ruta har konsesjon til 31. mars 2022, og vi startar no arbeidet med å sjå nærmare på kva rolle den sjøbaserte turismen skal ha vidare på Geirangerfjorden.

Foto: Oddbjørg Aasen Bjørdal

Det er politiske og nasjonale føringar for bruk av miljøvenlege løysingar i verdsarvfjordane, og det betyr at teknologi vil vere hovudtema for dialogseminaret vi arrangerer fredag 29. mars ved Scandic Parken i Ålesund.

Seminaret blir arrangert i samarbeid med leverandørutviklingsprogrammet (http://innovativeanskaffelser.no/).

Seminaret blir arrangert for at interessentane kan møtast til diskusjon, og for å få informasjon. Prosessen vi startar no, skal bidra til at fylkeskommunen kan oppfylle dei politiske vedtaka om null- eller lavutslepp på Geirangerfjorden frå 2022.

Dialognotat og program er kunngjort i Doffin (https://www.doffin.no/Notice/Details/2019-355822), og du kan finne meir informasjon der.

Vi ønsker vel møtt til dialogseminaret ved Scandic Parken i Ålesund fredag 29. mars. Det er påmelding til seminaret, og vi ber om at dei som vil delta melder seg på så snart som råd. Her kan du melde deg på dialogseminaret for Geiranger-Hellesylt.