Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > FRAM tek over ekspressbussrutene til Trondheim og Oppdal

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post
Christoffer Fatland  Lie Christoffer Fatland Lie
Rådgivar
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

FRAM tek over ekspressbussrutene til Trondheim og Oppdal

Frå måndag 10. oktober vil ekspressbussrutene som køyrer på indre Nordmøre bli ein del av tilbodet til FRAM Ekspress. Dette gjeld rutene mellom Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim, Molde-Kristiansund-Trondheim og Kristiansund-Oppdal.

Bilde av en fram expressbuss

Foto: Terje Aamodt.

Rutene som for mange er kjent som Mørelinjen og togbussen vil frå måndag bli køyrd av nye, kvite og blå FRAM-bussar.

– For at overgangen skal gå best mogleg ber vi dei reisande om å sjå etter rutenummereret og destinasjonen for ruta på lysskilta foran og på sida av bussane, seier rådgivar Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Slik blir rutene

FRAM Ekspress rute 901: Kristiansund-Oppdal (togbuss) t/r.

FRAM Ekspress rute 902: Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim (Mørelinjen) t/r.

FRAM Ekspress rute 905: Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen) t/r.

Enklare rutehefte og krav til bussane

Vi har arbeidd med å gjere oppsettet på rutene enklare for dei reisande, og publikum vil sjå at tabellen er noko endra. Avgangstidene vil likevel vere dei same som før, med unntak av ein avgang frå Trondheim, seier Kvalheim.

I kontrakten har fylkeskommunen set krav til nye bussar med sanntidsinformasjon, universell utforming og miljø. Det blir skjermar om bord som viser dei neste haldeplassane på ruta, teleslynge, og opplesing av stoppa ute og inne i bussane.

Frå neste veke køyrer FRAM Ekspress på totalt fem ekspressbussruter i fylket. I januar i år tok FRAM også over rutene mellom Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund og Ålesund-Åndalsnes.

For meir informasjon om rutetider og tilbodet, gå inn på frammr.no/ekspress