Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Fem selskap konkurrerer om busskontrakten for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

Kontaktpersonar

Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Seksjonsleiar
71 28 04 30 /
Mob. 916 07 588
Send e-post
Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Fagleg ansvarleg buss
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post

Fem selskap konkurrerer om busskontrakten for Ålesund, Giske, Sula og Skodje

Møre og Romsdal fylkeskommune har motteke tilbod frå fem aktørar i konkurransen om rute- og skolekøyringa i Ålesund, Giske, Sula og Skodje kommunar.

(foto: Terje Aamodt)

Tilboda inkluderer den tilrettelagte skoleskyssen. Kontraktsperioden gjeld frå 1. januar 2021 til 30. juni 2030, og kontrakten inneheld ca. 3,4 mill. rutekilometer årleg. 

- Arbeidet med evaluering av tilboda vil starte umiddelbart, og vi tar sikte på å tildele kontrakten så snart som råd, seier seksjonsleiar Hilde Johanne Svendsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Selskapa som leverte inn tilbod i konkurransen er:

Boreal Buss AS

Nobina Norge AS

Tide Buss AS

Trønderbilene AS

Vy Buss AS