Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Fire har levert tilbod i konkurransen om Nordmørspakken

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
juridisk rådgivar
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Fire har levert tilbod i konkurransen om Nordmørspakken

Fredag 1. desember kl. 13.00 opna Møre og Romsdal fylkeskommune tilboda i konkurransen for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre. -Vi er glad for den store interessa for å drive desse ferjesambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Ferjesambandet Edøya-Sandvika eit av sambanda i kontrakten som er på anbod.
Foto: Kai Bedringås, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontraktperioden er 01.01.2020 – 31.12.2030. I samband med at den nye kontrakten startar opp, skal det gjerast ombyggingar på kaianlegga til sambanda 54 Edøya-Sandvika og 50 Seivika-Tømmervåg.

Strenge miljøkrav

Det er stilt strenge miljøkrav knytt til ferjemateriellet i konkurransen. Vidare er det krav om at ferjene knytt til sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg ikkje skal vere eldre enn ti år. Det er krav om to ferjer i sambandet Edøya-Sandvika i tillegg til at det blir fleire avgangar i helgane på Seivika-Tømmervåg.

Fire reiarlag har levert tilbod

Det er fire reiarlag som har levert tilbod i konkurransen. Kontraktprisane i tilboda er frå om lag 1,9 mrd kroner til om lag 2,6 mrd kroner. Reiarlaget med tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet, ut frå tildelingskriteria pris og miljø, blir tildelt kontrakten.  – Vi vil no starte arbeidet med å behandle anboda og evaluere dei opp mot tildelingskriteria. Det er venta at kontrakt blir tildelt over nyttår, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Dei fire tilbydarane er:

  • Boreal Sjø AS
  • Fjord1 ASA
  • Norled AS
  • Torghatten Trafikkselskap AS