Kontaktpersonar
Fjord1 ASA er tildelt kontrakt for ferjesamband på indre Sunnmøre
Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakt for ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal til Fjord1 ASA.

Kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge vil bli rusta opp slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer.
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kontrakten for indre Sunnmøre vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.
Investeringar på land
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta imot nye og større ferjer frå og med 2024.
Reduksjon av utslepp
Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa blir for desse sambanda redusert med om lag 90 %. – Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Oppdatert: 09.11.18