Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Fjord1 ASA får kontrakt for ferjesamband i Romsdal

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
kontraktsjef
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Fjord1 ASA får kontrakt for ferjesamband i Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm til Fjord1 ASA.

Aukra-Hollingsholm er eit av sambanda i den nye kontrakten

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

Reduksjon av utslepp

Det vil frå 2024 bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Ved å sette inn miljøferjer reduserast C02-utsleppa med 7 209 tonn årleg. På sambandet Sølsnes-Åfarnes er det krav om to nye fartøy.

Kontrakten startar opp i 2020

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020 for sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Sambandet Sølsnes-Åfarnes startar opp 1. januar 2022. Reiarlaget kan bruke overgangsmateriell på Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm fram til miljøferjene skal fasast inn. Det blir nye kaianlegg på sambandet Sølsnes-Åfarnes frå 2024.

God konkurranse

-Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er glad for å redusere miljøutsleppa frå ferjene i Romsdal. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, aukar utgiftene til fylkeskommunen, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Kontraktsummen er 2,260 milliardar kroner. Fylkeskommunen vil også få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer.

Karensperioden for tildeling er 10 dagar.