Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Forsvaret kan forstyrre posisjonstenestene til FRAM på grunn av militærøving

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Forsvaret kan forstyrre posisjonstenestene til FRAM på grunn av militærøving

På grunn av den store militærøvinga til Forsvaret og NATO-landa i tida framover, vil blant anna tenestene (GPS) brukt til å finne posisjonen din i FRAM-appen og sanntidsinformasjonen til bussane, hurtigbåtane og ferjene kunne bli forstyrra.

Foto: Kai Bedringås

Du kan oppleve at posisjonen til telefonen din eller posisjonen til køyretøya/fartøya er feil, fordi GPS-mottakarane blir lurt av den elektroniske militærøvinga.

- Vi veit enno ikkje heilt korleis dette vil slå ut, men det kan i verste fall gi heng i turar og feil i sanntidsinformasjonen til dei reisande, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang.