Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Frå 1. oktober kan du ha med hund på FRAM Ekspress-rutene

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Frå 1. oktober kan du ha med hund på FRAM Ekspress-rutene

For å gjere det enklare å reise kollektivt med hund, vil det frå søndag 1. oktober vere tillat å ha med hunden om bord på FRAM Ekspress-rutene.

Foto: Jorunn Sølvberg

På by- og forstadsrutene er det allereie tillat med hund om bord.

Når du skal reise med hund, treng du å følge desse vilkåra:

  • Sett deg lengst bak i bussen med hunden
  • I tilfella der det er reisande om bord med ein alvorleg allergi, kan sjåføren be deg om å vente på neste avgang.
  • I tilfella der det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be deg om å vente på neste avgang.
  • Hunden skal ikkje vere til sjenanse for andre reisande, og du er ansvarleg for hunden under heile reisa. Sjåføren be deg om å forlate bussen med hunden om dette ikkje blir følgt.

Det er barnetakst for hund, og du kan kjøpe billett for hunden av sjåføren. Førarhund og politihund eller anna tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.

Vi arbeider kontinuerleg for å gjere kollektivtilbodet enklare og betre. Etter å ha fått tilbakemeldingar frå reisande med hund, har vi no opna opp for at dei kan ta med hund om bord på alle rutene til FRAM. Vi håper at dette bidreg til at det blir enda enklare for fleire å velje å reise med kollektivtransport.

Frå 1. oktober kan du også ta med katt i bur om bord på FRAM Ekspress-rutene.