Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Frå 18. februar vil det vere endra køyremønster på Seivika ferjekai

Frå 18. februar vil det vere endra køyremønster på Seivika ferjekai

På grunn av arbeid med liggekaia blir det nødvendig å endre køyremønsteret på Seivika ferjekai frå og med måndag 18. februar. Arbeidet vil vare i to veker.

Foto: Statens vegvesen

I denne perioden vil anleggsarbeidet føre til at innkøyrselen til parkeringsplassane som ligg nærast ferjekaia mot nord vil bli sperra av. Også vegen mot kaia vil bli sperra. Trafikken av og på ferja vil i staden bli leda via parkeringsplassen. Dette fører til at det vil vere avgrensa med parkeringsplassar i området.

Ferjetrafikken vil gå som normalt i perioden. Arbeidet er forventa ferdig fredag 1. mars.

Her kan du finne heile pressemeldinga til Statens vegvesen.