Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Fylkestinget sa ja til bypakke i Ålesund

Fylkestinget sa ja til bypakke i Ålesund

Denne veka sa eit fleirtal i fylkestinget ja til bypakken i Ålesund, 38 røysta for og 9 røysta imot.

Bypakken i Ålesund skal bidra til attraktiv og bærekraftig byutvikling.
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Hovudmåla med bypakken i Ålesund er at:

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og bærekraftig byutvikling.

Det kom inn tilleggsforslag om å ta inn Brosundtunnelen og Borgundfjordtunnelen, men begge desse forslaga vart nedstemt.

Eit forslag om å prioritere Brosundtunnelen og strekninga Vegsund- Blindheim i byggetrinn 2 vart vedtatt.

Etter at fylkestinget hadde gjort vedtaket sitt, leverte representantane frå FrP inn krav om lovlegheitskontroll.

Bypakken blir no sendt vidare til Vegdirektortatet og Samferdselsdepartementet. Målet er stortingsbehandling av bompengeproposisjonen hausten 2020.

 

Du kan lese meir om bypakken på nettsidene til Ålesund kommune.

Saksframlegg og protokoll finn du her (Sak T-32/19)