Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Har fått midlar til utvida TT- ordning i 2018

Kontaktpersonar

Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 28 02 79 /
Mob. 913 78 582
Send e-post
Silje Nerland Sættem Silje Nerland Sættem
Konsulent
71 28 02 82
Send e-post

Har fått midlar til utvida TT- ordning i 2018

Som eit tillegg til fylkeskommunen si eiga TT- ordning, er det etablert ei statleg tilskotsordning som ei utvida TT- ordning. Ordninga starta som ei forsøksordning i 2012, og Møre og Romsdal fylkeskommune har vore med sidan starten.

Fylkeskommunen er tildelt 11,6 millionar til bruk i den utvida TT- ordninga

Kan tilby fleire reiser

Formålet med ordninga er å tilby brukarane med tyngre funksjonshemninga, rullestolbrukarar og blinde/ sterkt svaksynte fleire TT- reiser enn dei ville fått gjennom den fylkeskommunale ordninga. Det er ut i frå retningslinjene ei målsetting å sikre kvar enkelt brukar 200 enkeltreiser per år, basert på ein snittpris frå den ordinære ordninga.

Kan få opp til 200 turar

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått svar på søknad for 2018 og er tildelt 11,6 millionar til bruk i den utvida TT- ordninga. Dette er ei betydeleg auke frå tidlegare år. Tildelinga skal nyttast til å vidareføre ordninga slik den er i dag samt auke tal turar opp til 200 for kvar enkelt brukar omfatta av ordninga.

Brukarane som er i den utvida TT- ordninga i dag vil få informasjon tilsendt per post.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at fleire brukarar skal bli omfatta av den utvida TT- ordninga.  Etter å ha oppfylt kravet i retningslinjene om 200 turar vil vi no ha moglegheit til å søke om utviding av tal brukarar ved neste søknadsrunde.