Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Hovudkontrakten for Nordøyvegen er lyst ut

Hovudkontrakten for Nordøyvegen er lyst ut

Kontrakten er den største innan vegbygging i Møre og Romsdal nokon sinne og inneheld all bygginga på prosjektet. Dette skriv Statens vegvesen i ei pressmelding i dag. 

Nordøyvegen mot Lepsøybrua og fastlandet
Foto: Statens vegvesen

- Vi er sjølvsagt spente på korleis marknaden tar i mot kontrakten. Det siste året har vi hatt god dialog med entreprenørbransjen gjennom synfaringar og orientering både på Skjeltene, Nordøyane og i Oslo. Så vi veit at både Nordøyvegen og tidspunktet for utlysing av kontrakten er godt kjent i bransjen, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Les meir om kva kontrakten inneheld og vidare framdrift i prosjektet.

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Meir informasjon om Nordøyvegen: https://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv659nordoyvegen