Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Kjenner du nokon som fortener Trafikktryggingsprisen 2017 ?

Kontaktpersonar

Henny Totlandsdal Henny Totlandsdal
Rådgivar
71 28 02 63
Send e-post

Kjenner du nokon som fortener Trafikktryggingsprisen 2017 ?

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) deler kvart år ut trafikktryggingsprisen på fylkestinget i oktober.

Her får aksjonsgruppa ved Hessa skole fekk utdelt trafikktryggingsprisen under fylkestinget.  Frå venstre Jon Aasen, Iver Nordseth, Line Trones Seter, Knut Ness og Terje Risvik.

Aksjonsgruppa ved Hessa skole fekk utdelt trafikktryggingsprisen i 2016. Frå venstre Jon Aasen, Iver Nordseth, Line Trones Seter, Knut Ness og Terje Risvik. 

FTU deler kvart år ut trafikktryggingsprisen til organisasjonar, lag eller enkeltpersonar som har gjort eit særleg godt arbeid for trafikktrygginga i fylket. Intensjonen med  prisen er at den skal gi inspirasjon til alle som driv med trafikktryggingsarbeid.

Prisen vert delt ut på fylkestinget i oktober, og den består av eit kunstverk og kr. 15 000.

FTU ønskjer å få inn forslag på mange gode kandidatar til prisen, frå kommunar, samarbeidspartar eller enkeltpersonar rundt om i fylket.

Forslaga som blir sendt inn, må grunngjevast.

Frist for sende inn forslag er 11. august 2017.

Forslag på kandidatar til trafikktryggingsprisen sendast til :

FTU - Møre og Romsdal fylkeskommune, Samferdselsavdelinga , Fylkeshuset, 6404 Molde.