Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Køyrer nattbussavgangar under Tahiti-festivalen

Kontaktpersonar

Stein Fredrik Røstberg Stein Fredrik Røstberg
Rådgivar
71 28 02 47 /
Mob. 908 30 445
Send e-post
Christoffer Fatland  Lie Christoffer Fatland Lie
Rådgivar
71 28 02 72 /
Mob. 995 38 007
Send e-post

Køyrer nattbussavgangar under Tahiti-festivalen

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn nattbussavgangar for FRAM-bussane under Tahiti-festivalen i Kristiansund neste veke. I år blir det òg avgangar natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

Under Tahiti-festivalen kan du ta nattbuss i Kristiansund
Foto: Terje Aamodt

- For deg som skal heim frå festivalen natt til fredag 28. juni, vil bussen køyre frå Kristiansund trafikkterminal klokka 00.30 og 01.50, seier rådgivar Stein Fredrik Røstberg i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Natt til laurdag 29. juni og natt til søndag 30. juni vil bussen òg køyre klokka 00.30 og 01.50 frå Kristiansund trafikkterminal. I tillegg vil det vere ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00. På den avgangen vil bussen køyre vidare til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole om du skal dit, fortel Røstberg.

Billetten kan du kjøpe gjennom FRAM-appen eller av sjåføren. Prisen vil vere 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei.

For rutetidene og informasjon om kollektivtilbodet, kan publikum gå inn på frammr.no, bruke FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.

Her kan du finne nattavgangane under Tahiti-festivalen.