Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Kollektivtilbodet i jula og endringar 1. januar

Kontaktpersonar

Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post
Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Kollektivtilbodet i jula og endringar 1. januar

I jula vil det vere eit redusert kollektivtilbod, og frå og med 1. januar vil prisane på billettane justere seg. Nokre av rutene vil óg vere endra frå 1. januar.

Ta bussen eller andre kollektivtilbod i jula? Sjekk reiseplanleggaren og FRAM- appen. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

På grunn av heilagdagar og juleferie vil kollektivtilbodet vere redusert samanlikna med tilbodet på vanlege verkedagar. Du kan finne rutetidene og informasjon for jula i reiseplanleggaren og pdf-format på frammr.no og ved å bruke FRAM-appen.

1. januar justerer Møre og Romsdal fylkeskommune prisane for billettane til FRAM. Justeringane følger konsumprisindeksen. Du kan finne prisane for billettane på frammr.no/FRAM/Billettar/Prisar

For å tilby eit samanhengande kollektivtilbod vil det bli endringar på nokre av rutene frå og med 1. januar. Du kan finne rutetidene som gjeld frå og med 1. januar i reiseplanleggaren og pdf-format på frammr.no og ved å bruke FRAM-appen.