Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Kva meiner du om forslag til nytt rutetilbod i Kristiansund og Averøy?

Kva meiner du om forslag til nytt rutetilbod i Kristiansund og Averøy?

Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert eit samarbeidsprosjekt med Kristiansund og Averøy kommunar med ein plan om eit nytt og betre kollektivtilbod frå og med 01.05.20. No inviterer fylkeskommunen kommunane og andre interessentar til å komme med innspel til forslaget som er ute på høyring.

Sei di meining om forslag til nytt rutetilbod. (foto: Ann Olaug Slatlem)

Ber om innspel

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å utvikle kollektivtilbodet i Kristiansund kommune og rute 501 frå Bruhagen (Averøy) til Kristiansund, og har forslaget som er laga ute på høyring.

I april i fjor blei det gjennomført ei undersøking på internett blant innbyggarane i dei to kommunane. Svara frå undersøkinga har vore med i arbeidet som er lagt ned i forslaget. I tillegg er statistikken for rutene, synfaring av rutene og tilbakemeldingane som er sendt inn til FRAM Kundesenter brukt i arbeidet med forslaget.

Send til kommunen

Publikum, organisasjonar, foreiningar og råd kan sende tilbakemeldingane dei har til forslaget til kommunen, som igjen vil samle alt og sende vidare til fylkeskommunen.

Kristiansund kommune

Averøy kommune

Fristen for høyringa er onsdag 26. juni 2019.