Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Møre og Romsdal skal finne banebrytande løysningar for bygging og vedlikehald av bruer

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Møre og Romsdal skal finne banebrytande løysningar for bygging og vedlikehald av bruer

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i dag støtte frå Innovasjon Norge for å utvikle nye og banebrytande løysningar for bygging og vedlikehald av bruer.  Møre og Romsdal fylkeskommune sitt prosjekt var eit av tre som fekk støtte. 

Anita Krohn Traaseth, Innovasjon Norge og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samtale med samferdselssjef Arild Fuglseth og Øyvind Herse frå regional- og næringsavdelinga. 

Dette vart kunngjort av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og leiar i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth under ein pressekonferanse i Oslo.

–Vi er svært glade for støtta vi har fått. Vi har i dag eit vedlikehaldsetterslep som tidlegare er utrekna til 1, 3 milliardar kroner på bruer og ferjekaier i fylket. Det er også behov for oppgraderingar, tilpassa dagens krav. Derfor ønsker vi å finne heilt nye løysingar for bygging og vedlikehald av bruer, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.

Prosjektet skal  forsøke å finne ein meir effektiv og mindre kostbar måte å handtere vedlikehald og bygging av bruer i tida framover. Det vil også kome til nytte for staten og for andre fylkeskommunar. Møre og Romsdal er nemleg ikkje åleine med dette behovet.  –Dette gir store moglegheiter til næringslivet i Møre og Romsdal, som vil vere med å gi nye løysingar for bruer , seier Øyvind Herse i regional- og næringsavdelinga.

– Vi trur Møre og Romsdal fylkeskommune sitt vidare arbeid vil resultere i nyskapande løysningar, på ei utfordring vi har i store delar av landet, seier Mona Skaret, divisjonsdirektør i Innovasjon Norge.  

Fakta om innovasjonspartnerskap:

  • I eit Innovasjonspartnerskap går offentlege verksemder saman med næringslivet for å utvikle heilt nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar.  
  • Hensikta er å stimulere til løysningar som i dag ikkje eksisterer i marknaden. 
  • Eit innovasjonspartnarskap  tar utgangspunkt i eit offentleg behov, krev toppleiarforankring og eit tett offentleg-privat samarbeid om å utvikle nye løysningar til bruk i offentleg sektor.  
  • Modellen legg til rette for at fleire offentlige aktørar kan gå saman om å utvikle løysningar på felles behov.  
  • I denne utlysningsrunden var det 35 millionar kroner tilgjengeleg for nye prosjekt. Midlane kjem frå Nærings- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet.   
  • Fem innovasjonspartnarskap er allereie i gang.

 

 

Bolsøybrua på rv. 64. er ei 1151 bruer som Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for drift og vedlikehald av.