Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nattbusstilbod under Skjærvafest

Kontaktpersonar

Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post

Nattbusstilbod under Skjærvafest

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida tilbod med nattbuss under Skjærvafest i helga. FRAM-bussane vil køyre frå Innlandet og Kristiansund sentrum både natt til laurdag 29. juli og natt til søndag 30. juli.

Foto: Terje Aamodt

- Publikum som skal på Skjærvafest frå/til Innlandet, kan reise med dei ordinære avgangane på rute 804. I tillegg set vi inn ein nattavgang ekstra natt til laurdag og natt til søndag klokka 00.10 frå Innlandet til Kristiansund sentrum, seier rådgivar Frode Kvalheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Avgang kl. 00.30, 01.50 og 03.00 frå sentrum

- Også avgangane med rute 810, som til vanleg køyrer natt til søndag, vil køyre både natt til laurdag og natt til søndag under Skjærvafest. Frå trafikkterminalen i Kristiansund køyrer nattbussane klokka 00.30 og 01.50. Klokka 03.00 køyrer avgangen frå Kongens plass, denne vil nytte stoppet laga til nattbussen, seier Kvalheim.

Ved avgangen klokka 03.00 vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Kjøp billetten med mobilapp eller ombord

Billetten kostar 50 kroner mellom Kristiansund sentrum og Rensvik, og 70 kroner mellom Kristiansund sentrum og Frei. Reisande kan enkelt kjøpe billetten med den nye FRAM-appen, kalt FRAM, eller med kort eller kontant om bord.

For rutetider og informasjon, sjå frammr.no, last ned FRAM-appen, eller ring til FRAM Kundesenter på tlf. 177.