Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nettbuss blir fylkeskommunen sin operatør på Sunnmøre

Kontaktpersonar

Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Nettbuss blir fylkeskommunen sin operatør på Sunnmøre

I dag signerte Nettbuss Midt-Norge AS to kontraktar med Møre og Romsdal fylkeskommune etter å ha vunne anboda om å levere busstenester på Sunnmøre frå 1. januar 2016.

Nettbuss signerer kontrakt med fylkeskommunen

I bildet: f.v. Svein Ivar Aarskog (kontraktsavsvarleg), Stig Helle-Tautra (seksjonsleiar Drift) og Hallstein Lillevik (Nettbuss).

Det var totalt fem selskap som konkurrerte om å få drifte dei to busskontraktane for Sunnmøre. - Valet falt på Nettbuss då dei hadde det lågaste pristilbodet. I rutepakke 4 hadde dei eit pristilbod på 24,10 kroner per rutekilometer, og i rutepakke 5 hadde dei eit pristilbod på 29,13 kroner per rutekilometer, seier Stig Helle-Tautra, seksjonsleiar for Driftsseksjonen. .

Regiondirektør i Nettbuss Midt-Norge AS, Hallstein Lillevik, er godt nøgd med at dei hadde lågast pris i sine anbod og seier at dei ser fram til å vidareføre eit godt og konstruktivt samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei nye kontraktane inneber at merkevara FRAM blir brukt i områda bussane opererer i. - Alle bussane vil frå 2016 få FRAM sin grafiske profil og ligge inn under kollektivsatsinga til fylkeskommunen, noko som gjer at vi er enda eit steg nærare å samle kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, fortel Helle-Tautra.

Fylkeskommunen signerte busskontrakt med Nettbuss for Sunnmøre

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune busskontrakt for Sunnmøre. I bildet: f.v. Svein Ivar Aarskog (kontraktsavsvarleg), Stig Helle-Tautra (seksjonsleiar Drift) og Magne Hetle (Nettbuss).

I rutepakke 4 ligg ekspressbussrute Ålesund-Kristiansund og Ålesund-Åndalsnes, og regional- og skoleruter i kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda (Geiranger og Liabygda). Totalt rutekilometer for pakka er 2 925 874.

Rutepakke 5 inneheld ekspressbussrute Volda-Ålesund, fylkeskryssande rute til/frå Stryn, Nordfjordeid og Maurstad, og regional- og skoleruter i kommunane Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Totalt rutekilometer for pakka er 3 308 636.

Nettbuss er ein aktør vi kjenner godt til frå før, og vi ser fram til å fortsette dette samarbeidet, avsluttar Helle-Tautra.