Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > No kan du betale kontaktlaust i bussane

Kontaktpersonar

Knut Oddvar Løvberg
Konsulent
71 28 01 07 / Mob. 928 29 909
Send e-post

No kan du betale kontaktlaust i bussane

I løpet av november vil det vere mogleg å betale kontaktlaust med bankkort i alle bussane til FRAM. I Ålesund, Kristiansund og Molde kan du allereie bruke kortet på denne måten. 

No slepp passasjerane trekke kortet på alle FRAM-bussane. (foto: Håvard Myklebust)

Enkelt å bruke

Det er enkelt og raskt -  du held berre bankkortet framfor bankterminalen og kjøpet blir godkjent.

Når du brukar kontaktlaus betaling med bankkortet ditt, treng du ikkje sette kortet inn i bankterminalen eller taste koden din for kjøp som er lågare enn 200 kroner.

Bussane er merka med klistremerke

- Alle bussane som har ein bankterminal for denne betalingsmåten, vil ha eit merke på døra framfor og ved bankterminalen, seier Knut Oddvar Løvberg i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontaktlaus betaling tar kortare tid og bidrar til ein meir effektiv busstur både for deg og andre. Enkelt og greitt!