Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > No kan du komme med innspel til ruteendringar for bussane, hurtigbåtane og ferjene

Kontaktpersonar

Atle Ræstad
Rådgivar
71 28 01 25 / Mob. 913 72447
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

No kan du komme med innspel til ruteendringar for bussane, hurtigbåtane og ferjene

Arbeidet med den årlege ruteendringsprosessen for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vil starte i august, men det er no du kan komme med innspel til endringar og sende det til kommunen din.

No du kan komme med innspel til ruteendringar for buss, hurtigbåt og ferje.

Kommunane vil samle innspela, og sende det vidare til Møre og Romsdal fylkeskommune som arbeider med kollektivtilbodet.

For kommunane er fristen for å sende det vidare til fylkeskommunen den 26. juni 2019, så ver tidleg ute med å sende inn.

Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2020.