Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nordøyvegen: Startar tunneldriving sør på Fjørtofta

Nordøyvegen: Startar tunneldriving sør på Fjørtofta

Statens vegvesen og Skanska har gått igjennom framdriftsplanane på Nordøyvegen med sikte på å optimalisere framdrifta i prosjektet. Resultatet er at det blir tunneldriving sør på Fjørtofta allereie frå 20. mai. Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding i dag. 

No er det til ei kvar tid mellom 100 og 200 menneske som jobbar med å bygge Nordøyvegen. Med oppstarten av Fjørtofta sør vil talet auke.
Foto: Statens vegvesen

Det betyr at det ikkje blir tunneldriving frå Hestøya frå mai slik det var planlagt frå starten. Her skal Skanska bygge ferdig den midlertidige kofferdammen før tunneldrivinga mot Austnes startar.

- Vi får all steinen vi treng til sjøfyllingane tidleg i prosjektet frå Bjørnøya, Austnes og Longva. Saman med Skanska har vi vurdert at det gir ei enda meir robust gjennomføring av prosjektet om vi startar med å bygge den lengste tunnelen frå begge sider, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Du kan lese meir på nettsidene til Statens vegvesen