Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Silje Nerland Sættem Silje Nerland Sættem
Konsulent
71 28 02 82 /
Mob. 416 31 511
Send e-post
Bente Marie Malme Bente Marie Malme
Konsulent
71 28 02 81
Send e-post

Nye TT kort frå 1. august

Møre og Romsdal Fylkeskommune har hatt TT- ordninga ute på anbod og i den forbindelse er det valt ny leverandør. Ny leverandør er TTT Administrasjon AS og dei vil på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune drifte ordninga frå 1. august.

Nytt kort er sendt ut til alle brukarar saman med eit informasjonsbrev. Kortet er i fargen grøn og det vil fungere på lik linje som det tidlegare kortet gjorde.

Saldo på kortet

I dei fleste drosjar vil saldo på kortet framkomme direkte ved å trekkje det gjennom drosjane sitt taksameter. Du kan sjølv kontrollere saldo ved å:

Ring sentralbord:                35 58 60 40     Bemanna 24 timer i døgnet, kvar dag.

SMS:                                      90 36 70 00     Send: ttkort «brukarnummer»

Internett:                                Gå inn på www.ttkort.no og tast inn ditt brukarnummer.

 

Ikkje mottatt kort?

Nye kort skal vere sendt ut til alle TT- brukarar. Har du ikkje mottatt kort ber vi deg om å ta kontakt med TTT Administrasjon på: 35 58 60 40 eller sende en e- post til ttkort@telemarktaxi.no

I mellomtida ber vi deg om å ta vare på eventuelle drosjekvitteringar, de kan du sende inn  til TTT Administrasjon, PB 2673, 3702 Skien og få refundert.

 

For ytterlegare informasjon kontakt Samferdselsavdelinga .