Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nytt namn på ekspressbussen i Møre og Romsdal

Nytt namn på ekspressbussen i Møre og Romsdal

Frå 1.januar 2016 vart TIMekspressen erstatta av FRAM Ekspress. Rutetilbodet på strekninga Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund blir som før, med avgangar kvar time måndag til fredag. 

Fram ekspress ny buss 2016

Togbussen mellom Ålesund og Åndalsnes har også blitt FRAM Ekspress, med fem daglege avgangar på kvardagar. Det er som tidlegare nokre færre avgangar i helga.

Markering over heile fylket

Sist veke vart det nye tilbodet markert over heile fylket. Det var bussdåp med fylkesordførar Jon Aasen ved trafikkterminalen på Moa, og det vart servert kake til dei reisande både i Kristiansund, Molde og Volda. Tilsette frå samferdselsavdelinga stod for serveringa. Her kunne busspassasjerene både få seg kaffe og kake og dei kunne stille spørsmål om rutetilbodet. 

Sanntid på ekspressbussane

For første gang i Møre og Romsdal vil reisande få tilbod om sanntid på buss. Tilbodet blir først lansert på rute 100 og 101, som er ekspressbussen mellom Volda og Kristiansund. Sanntid gir betre og meir oppdatert informasjon som gjer det lettare og meir oversikteleg for reisande å nytte bussen.

Dette er sanntid:

  • Neste haldeplass bli automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar.
  • Skjermar inne på bussen vil gi informasjon om dei neste stoppestadene på ruta.
  • Når bussen stoppar ved ein haldeplass vil det bli utvendig opplesing av linje og destinasjon slik at dei som skal gå på bussen får betre informasjon.

Du kan lese meir og sjå rutetider på Fram sine nettsider

Elevar frå Spjelkavik var med på bussdåpen på Moa.

Fylkesordførar Jon Aasen ved bussdåpen på Moa

Dei reisande fekk servert kake for å feire det nye tilbodet. 

Mange frammøtte ville sjå dei nye bussane. 

Samferdselssjef Arild Fuglseth og fylkesordførar Jon Aasen

Samfedrselssjef Arild Fuglseth ønska velkommen til bussdåp

Populært med kake for dei reisande i Molde

Volda kake Fram ekspress

Servering av kake til busspassasjerar i Volda.