Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Redusert kollektivtilbod i jula

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Redusert kollektivtilbod i jula

I jula blir det redusert tilbod på kollektivtrafikken i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Aamodt

Julaftan

På julaftan (24. desember) er det berre følgande bussruter som køyrer:

  • Rute 618 Hessa-Skarbøvik-Ålesund sentrum-Ålesund sjukehus-Moa-Myrland-Magerholm
  • Flybussen i Ålesund rute 660
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes
  • FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal

Merk! Vi gjer merksam på at det er feil i det trykte ruteheftet for Ålesund, Giske og Sula. Det er ikkje laurdagstilbod for bussane i dette området på julaftan og nyttårsaftan, slik det står bak i det trykte ruteheftet.

Justerte ferjeruter

Det er justert på nokre av avgangane til ferjerutene 50 Seivika-Tømmervåg og 54 Sandvika-Edøya, slik at dei også korresponderar på 1. juledag. Slik blir avgangane på desse to rutene 1. juledag:

Avg. frå Seivika kl. 08.00, 10.30, 13.30, 15.30, 18.00 og 21.00.

Avg. frå Tømmervåg kl. 08.30, 11.00, 14.00, 16.00, 20.00 og 23.00.

Avg. frå Sandvika kl. 08.45, 12.45, 14.45, 18.45 og 21.45.

Avg. frå Edøya kl. 10.20, 13.20, 15.20, 19.20 og 22.20.

FRAM Flexx innstilt

FRAM Flexx-tilbodet i fylket er innstilt i jula, i perioden 23.12.17-01.01.18.

Her finn du oppdaterte ruter

For å finne oppdaterte rutetider i jula kan du bruke FRAM-appen og reiseplanleggaren på frammr.no. Du finn òg juleruter for bussane, hurtigbåtane og ferjene i pdf-format på frammr.no, og du kan ringe til FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

Merk! Kundesenteret er stengt julaftan (24. desember) og 1. juledag (25. desember). Opningstidene til FRAM Kundesenter i jula ligg ute på frammr.no.