Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Reis rimeleg i Ålesund, Giske og Sula frå 16. – 22. september

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Reis rimeleg i Ålesund, Giske og Sula frå 16. – 22. september

Ålesund kommune skal i perioden 16. – 22. september vere med på Europeisk mobilitetsveke, og denne veka kjem FRAM med ein eigen mobilitetsvekebillett til svært gunstig pris. For 125 kroner reiser du så mykje du vil med FRAM, i kommunane Ålesund, Giske og Sula.

For 125 kroner reiser du så mykje du vil med FRAM, i kommunane Ålesund, Giske og Sula.

Tilbodet gjeld både buss, Langevågsbåten og hurtigbåten til Valderøya og Giske. Billetten gjeld berre i mobilitetsveka, og det er berre éin priskategori (vaksen). Billetten blir tilgjengelig frå 16. september i FRAM-appen og for reisekort.

Europeisk mobilitetsveke 2018 har hovudbodskapet "Vel rett reisemiks".

Europeisk mobilitetsveke skjer kvart år og har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samstundes som du dekker transportbehovet ditt. I 2018 er hovudbodskapet at du kan kombinere ulike transportformer for å få ei effektiv og miljøvennleg reise.

Må bilen være med på alle reisene?

–Bilen kan være praktisk til tider, men for mange har bilbruken vorte ein vane. Ofte kan det være enklare og raskare å kombinere transportmidla, og velje miljøvennleg transport der du kan. Det finn mange alternativ til bilen. Kanskje kan du sykle til jobb éin dag, og ta tog eller buss ein annan dag? Kanskje kan du sette igjen bilen i barnehagen, og utnytte siste transportetappe til trening? På korte reiser er gåing et godt alternativ. Vi håpar mange vil teste ut det å reise kollektivt under mobiltetsveka, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar på Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.