Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Romsdal får miljøferjer

Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett elektrifiseringa av ferjetrafikken. No står  ferjesamband i Romsdalen for tur. Enova bidreg med inntil 46 millionar kroner.

Sølsnes - Åfarnes er ei av ferjestrekningane som får miljøferje i neste anbodsperiode. 
Foto: Christoffer Fatland Lie

– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova.

Strengare miljøkrav

Enova har gitt Møre og Romsdal fylkeskommune tilsegn om inntil 46 millionar kroner til infrastruktur  for å lade ferjene ved kai. Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Sølsnes–Åfarnes (på vegen mellom Molde og Åndalsnes) og Aukra–Hollingsholm no skal lysast ut på anbod.

–Vi er svært fornøgd med eit positivt tilsegn frå Enova. For å realisere gode miljøløysingar på ferjedrifta, er vi heilt avhengig av gode støtteordningar. Dette reduserer meirkostnaden som fylkeskommunen får ved å stille strenge miljøkrav. Vi ser frå tidlegare tildelingar frå Enova at vi oppnår store forbetringar for miljøet, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tydelege signal

Fordi sambanda er svært energikrevjande og liggetida ved kai er rundt 3–4 minutt, blir det behov for ein svært effektiv ladeteknologi. Teknologien har allereie utvikla seg betydeleg gjennom dei tidligare ferjeanboda, og Enova meiner Noregs verdsleiande maritime næring har føresetnader til å drive teknologiutviklinga framover, og at prosjekt som dette spelar ei viktig rolle:

– For å få fleire leverandørar på banen og bygge denne marknaden, er det viktig med tydelege signal frå myndigheiter og oppdragsgivarar om at elektrifisering er vegen framover. Derfor er vi glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med dei høge ambisjonane sine, seier Kvam i Enova.

Oppstart for Romsdalspakken er januar 2020, og alle hybridferjene vil være på plass innan 2023. Enova har med dette gitt tilsegn til elektrifisering av i alt 26 ferjesamband i Møre og Romsdal, Hordaland og Sør-Trøndelag.

Bilde av ferje som legg til kai ved Hollingsholmen

Aukra - Hollingsholm vil få miljøferje innan 2023
Foto: Ivar Rød

Kontaktpersonar: