Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Signerte ferjekontrakt for Indre Sunnmøre

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
kontraktsjef
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Signerte ferjekontrakt for Indre Sunnmøre

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 ASA kontrakten for drifta av fire ferjesamband knytt til fylkesvegane på indre Sunnmøre. Kontrakten startar opp 1. januar 2020.

Administrerande direktør i Fjord1 ASA, Dagfinn Neteland og assisterande samferdselssjef Magne Vinje i Møre og Romsdal fylkeskommune, signerte i dag kontrakt for drifta av fire ferjesamband på indre Sunnmøre.

Om kontrakten

Kontrakten omfattar ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal.

-Indre Sunnmøre er den fjerde kontrakten Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ny anbodsrunde, og vi er veldig glad for å få på plass nye og miljøvennlege ferjer i heile fylket, seier assisterande samferdselsjef Magne Vinje.

- Vi i Fjord1 er glade for å kunne halde fram drifta vår på sambanda i indre Sunnmøre, og vi ser fram til å vidareføre det gode samarbeidet med fylkeskommunen og ikkje minst mannskapet på sambanda. Vi meiner det er svært positivt at oppdragsgjevar ønskjer «det grønaste» og mest miljøvennlege tilbodet, som inneber elektrisk drift på Eidsdal- Linge og Stranda-Liabygda. På denne måten vil vi bidra sterkt til å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet. Sambanda er inngangsporten til Geiranger, og her ser vi viktige synergiar til resten av reiselivssatsinga til Fjord1, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Investeringar på land

Kontraktsummen er på  1, 9 milliardar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil òg få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer framover.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan trafikkerast av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta imot nye og større ferjer frå og med 2024.

Strenge miljøkrav og reduksjon av utslepp

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa blir for desse sambanda redusert med om lag 90 %.

 –Det har vore god konkurranse om alle anboda på ferje dei siste åra. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for mange ferjesamband, og det vil komme fleire utlysingar i 2019, seier kontraktsjef Jesper Wiig.