Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Signerte ferjekontrakt for Romsdal

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
kontraktsjef
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Signerte ferjekontrakt for Romsdal

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 ASA kontrakten for drifta av fire ferjesamband knytt til fylkesvegane i Romsdal. Kontrakten startar opp 1. januar 2020.

Administrerande direktør i Fjord1 ASA, Dagfinn Neteland og samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune signerte i dag kontrakt for drifta av fire ferjesamband i Romsdal. 

Foto: Christoffer Fatland Lie, Møre og Romsdal fylkeskommune

Om kontrakten

Kontrakten for Romsdal begynner 1. januar 2020, og vil gjelde til 31. desember 2033.

For sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm vil kontrakten gjelde frå 1. januar 2020, og frå 1. januar 2022 for sambandet Sølsnes-Åfarnes.

- Møre og Romsdal fylkeskommune ser fram til fortsatt godt samarbeid med Fjord1 i neste kontraktsperiode. Det er gledeleg at vi også i Romsdal får store utslippsreduksjoner når nye fartøy blir sett inn, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad, stolt og audmjuk for at selskapet får halde fram med å levere ferjetenester til fire sentrale samband i Romsdal.

- Det er ei stor og svært viktig kontrakt for Fjord1, men også for miljøet der energibruken og CO2 utslepp er redusert betydeleg samanlikna med dagens produksjon, seier Neteland.

Kontraktsummen er på 2,26 milliardar kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune vil òg få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av kaianlegg og infrastruktur til miljøferjer framover.

Strenge miljøkrav og reduksjon av utslepp

For ferjene er det stilt strenge miljøkrav for materiellet på sambanda Åfarnes-Sølsnes og Aukra-Hollingsholm. Frå 2024 vil det bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på dei to sambanda, og det er krav om at fartøya mellom Åfarnes-Sølsnes skal vere nye. I tillegg blir det nye kaianlegg for sambandet Åfarnes-Sølsnes i 2024.

Kontrakten inneber lågare energibruk og ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av tradisjonelt drivstoff. 7.209 tonn årleg i CO2-utslepp vil bli redusert som følge av å sette inn miljøferjene.