Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Signerte første kontrakt på Nordøyvegen

Signerte første kontrakt på Nordøyvegen

Pressemeldinga under er skrive og sendt ut av Statens vegvesen.

Statens vegvesen har inngått kontrakt med AF ABOL om førebuande arbeid på Skjeltene.

Prosjektleiar Marianne Nærø og dagleg leiar i Busengdal AS, Rolf Anders Håberg skriv under fyrste kontrakten på Nordøyvegen. Bak frå venstre: Svein Skeide, Kjell Inge Langlo og Erlend Opstad, Statens vegvesen, Johnny Longva (Longva maskin), Lars Tore Opshaug (Opshaug), Bjørn Busengdal (Busengdal AS) og Joakim Aure (ACO AS). Foto: Helge Rensvik.

AF ABOL er eit arbeidsfellesskap med Aco anlegg AS, Busengdal AS, Opshaug AS og Longva maskin AS.

Kontrakten er på 9,8 millionar kroner eks. mva og inneheld:

  • Kjøp og utlegging av 35 000 m3 sprengt stein
  • Asfaltering
  • Lukka rørgrøfter 

- No startar vi ein samhandlingsperiode mellom oss og entreprenørane. Planen er at vi skal ta fyrste spadetak på Skjeltene i månadsskiftet, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.