Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Skal du på Fru Guri av Edøy? Da bør du vere tidleg ute

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Skal du på Fru Guri av Edøy? Da bør du vere tidleg ute

Førestillinga på torsdag 12. juli er utseld, og det er derfor forventa at det blir fulle ferjer.

–Dersom du ikkje har kjøpt samlebillett med FRAM og har tenkt å ta siste ferje før førestillingsstart, kan du risikere å bli ståande igjen på kaia og ikkje rekke spelstart, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Lillevevang oppfordrar derfor alle som skal på førestillinga om å vere tidleg ute.

Ferjetidene finn du i reiseplanleggaren på frammr.no, FRAM-appen og MR Ferjerute-appen.

OPPDATERT: Laurdag 14. juli er òg utseld, og det er få billettar igjen for fredag 13. juli.