Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Slutt på trykte rutehefte frå 1. mai

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Slutt på trykte rutehefte frå 1. mai

Vi minner om at frå og med 1. mai i år vil vi ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet. – Vi tilbyr ruteinformasjon i fleire andre format. Denne informasjonen vil vere oppdatert til ei kvar tid, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.

Bilde av Arild Fuglseth med ny FRAM-app, liggande

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Det var tidlegare i vinter at samferdselsutvalet vedtok å avvikle dei trykte rutehefta.  – Valet med å avvikle trykte rutehefte, og berre gå over til digital ruteinformasjon, vart tatt etter at vi samla kollektivtilbodet i heile fylket. Vi såg behovet for å gjere det enklare for publikum å få tak i rett ruteinformasjon, seier Fuglseth.  Han legg til at det kontinuerleg blir arbeidt med å betre og oppdatere informasjonen om rutene og avgangane i fylket.

Alltid oppdatert ruteinformasjon på nett og i app

Det er fleire moglegheiter for å få informasjon om rutetider og avgangar for FRAM:

  • Reiseplanleggaren på frammr.no Her kan du søke deg fram til kollektivtilbodet. Planleggaren har rutene og avgangane. Du kan sjå kva billetten kostar og få informasjon om ruta er forseinka.
  • I FRAM-appen kan du i tillegg kjøpe både periode- og enkeltbillett og ha han med deg på mobiltelefonen.
  • MR Ferjerute er ein app som viser avgangane til ferjene og hurtigbåtane.
  • FRAM Kundesenter når du på telefon 71 28 01 00. Her kan du få ruteinformasjon for all kollektivtransport i fylket.

Du kan skrive ut rutene eller få hjelp til det

Alle rutetabellane vil fortsatt vere tilgjengelege på nettsida til FRAM i pdf-format. Desse er oppdaterte og enkle å skrive ut på papir for dei som vil det. Har du ikkje moglegheita til å skrive ut på eiga hand, kan du kontakte FRAM Kundesenter for å få utskriftene av ruta sendt til deg.

Du kan møte opp på trafikkterminalen i Kristiansund, trafikkterminalen i Molde eller trafikkterminalen på Moa for å få hjelp til å skrive ut rutene. Servicetorget i kommunen din vil også kunne hjelpe deg med å skrive ut rutetidene.

Digitale ruter over heile landet

Endringa med å gå vekk frå å trykke rutehefta skjer fleire stader i landet. Andre fylke har allereie avvikla eller planlegg å avvikle papirversjonen av rutehefta, mellom anna fordi at oppdatering av ruteinformasjonen skjer heile året. –Det er enklare å få ut oppdatert informasjon med digitale løysingar enn på papir, avsluttar Fuglseth.