Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Planer og strategiar

Planer og strategiar

Samferdsel har ein lengre planhorisont enn fylkesplanen, fordi måla for Samferdsel bygger på Handlingsplan Samferdsel 2013 – 2022.

Hovudmål samferdsel 2013-2022

Måla for innsatsområdet er som følgjer:

1. Kollektivandelen skal aukast, og tilbodet skal vere attraktivt, effektivt og tilpassa kundegrunnlaget

2. Moglegheitene i ferjetrafikken skal utnyttast og tilbodet skal ha tilpassa kapasitet og enkle betalingsløysingar

3. Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, samt vere effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert for alle typar trafikkantar

4. Transportsektoren skal omstillast mot eit samfunn med lågutslepp og overgang til fornybar energi, og negative miljøkonsekvensar skal minimaliserast

5. Ferjeavløysing kan vurderast på alle fjordkryssingar, då fastlandsamband både er samfunnsnyttige og skapar vekst og utvikling i samfunnet generelt

6. Transportulykker med drepne og hardt skadde skal reduserast ytterlegare - ned mot det nasjonale målet om under 350 personar i 2030

7. Gang- og sykkelvegnettet skal byggjast ut som eit verkemiddel for å betre framkomme, trafikksikring, folkehelse og klima Hovudmåla blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram samferdsel, som blir rullert årleg. Måla står ikkje i rangert rekkefølge.

Kontaktpersonar

Janne Lønsethagen Janne Lønsethagen
Rådgivar
71 28 04 85 /
Mob. +4791578958
Send e-post