Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regionale møte 2011

Regionale møte 2011

For andre året på rad inviterte fylkeskommunen si samferdselsavdeling kommunane og andre miljø som arbeidar med samferdselsspørsmål til regionale møte. Responsen på dette som skal utviklast til å vere det viktigaste kontaktpunktet mellom kommunane og fylkeskommunen i samferdselsspørsmål var god. Det same var tilbakemeldingane etter møta

Samferdselsavdelinga inviterte saman med Statens vegvesen kommunar, næringslag og kompetansemiljø til to-dagars møte i oktober/november i kvar av regionane. Målet med møta var å bringe ut informasjon, og få innspel frå brukarar i forhold til utfordringar, behov, prioriteringar, planlegging m.m. Det er andre året slike møte vert arrangert, og tema var drift og vedlikehald.

 Dette er meint å vere ein årleg runde, og vil vere samferdsels-styresmaktene sin arena for dialog med kommunar og andre. Det deltok totalt 70 personar på møta, 24 kommunar var representert, i tillegg til fleire vegselskap, næringslag og andre. På dag 2 på møterundane vart det gjennomført 24 særmøte med enkeltkommunar og vegselskap. Tilbakemeldingane på møteopplegget var svært positive.


Invitasjon til regionale samferdselsmøte

I samband med plan- og økonomiarbeid i samferdselssektoren inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen til tre regionale møte i oktober og november 2013. 

Les meir

Kontaktpersonar

Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post

Snarvegar