Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regionale møte 2012 / Planseminar

Heile 80 personar deltok på Planseminaret som samferdselavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen arrangerte 3. og 4. oktober. 23 av kommunane, fleire interessegruppe og fleire næringslag var med.

Heile-80-deltakarar-og-hoeg-aktivitet-paa-Planseminar-om-Samferdsel-paa-Rica-Seilet-Hotel-03_-og-04_-oktober-2012

Målet med seminaret var å få innspel til kva og korleis ein bør arbeide med samferdsel dei neste 10 åra. Det vart arbeidd med kollektivtransport, ferje-utfordringar, transportsystemet – som i praksis dreidde seg om veg, med korleis vi skal kome vidare med ferjeavløysingsprosjekt, og med utvikling av finansieringsmodellar og knappe økonomiske rammer i sektoren samanlikna med utfordringane.

Bakgrunnen for planseminaret var at ny fylkesplan for Møre og Romsdal 2013 – 2016 (2022) er ute på høyring, der samferdsel er foreslått som eit av fire satsingsområde.Fylkesplana skal følgjast opp av Handlingsprogram, og det var Handlingsprogram Samferdsel det vart jobba med på planseminaret. For samferdsel sin del blir dette eit plandokument med 10 års planperiode, altså 2013 – 2022, og eit Handlingsprogram der tiltak med budsjett skal rullerast kvart år. Innspela frå gruppearbeida blir no reinskrive i notat som skal nyttast inn i arbeidet med det 10-årige Handlingsprogrammet saman med mange andre dokument.

Foredraga/presentasjonane kan du lese her.

Her er nokre kommentarar frå dei som deltok på Planseminaret:

Mons Otnes,ordførar i Surnadal kommune Kvifor deltok du på planseminaret? Det er ein viktig treffstad for å påverke i viktige prosessar. Her knytt ein kontaktar og her dannar ein nettverk. Kva utbytte har du hatt av samlinga? Ut frå resultatet av gruppearbeida ser det bra ut. Fylkeskommunen må i det vidare syte for at seminaret ikkje berre endar opp som ei papirinnsamling. Undervegs i samlinga sakna eg meir konkret informasjon og opplegg kring ulike prosjekt.

Kjell Sandli,dagleg leiar for Hareid Fastlandsamband AS Kvifor deltok du på planseminaret? Det er viktig å skape ei felles forståing om viktige problemstillingar for fylket. Planseminaret er i tillegg ein viktig arena for nettverksbygging og for å spreie kunnskap. Kva utbytte har du hatt av samlinga? Eg har fått auka kunnskap om utfordringar andre stader i fylket, eg har fått oppdatert informasjon om forhold som angår arbeidet mitt og eg har avtalt møter.

Per-Morten Bjørlykke,styreleiar i Norges Taxiforbund avdeling Møre og Romsdal Kvifor deltok på planseminaret? Eg meiner det er viktig å delta i prosessen for å kaste lys på fleire fagområder og for å medverke til god samhandling. Kva utbytte har du hatt av samlinga? Eg har fåttbetre kontakt med dei som planlegg, eg opplever at eg har fått fram viktige synspunkt og gjennom det kan eg være med å påverke. I tillegg har eg lært meir om korleis planprosessar fungerer.

Asgeir Stavik Hustad, ungdomspanelet i Møre og Romsdal Kvifor deltok du på planseminaret? Det er ein flott arena kor vi får anledning til både å lære og påverke samferdselsarbeidet i fylkeskommunen. Kreative prosessar fungerer ofte best når vi jobbar i grupper, og på planseminaret fekk vi løyse oppgåver saman med folk frå heile fylket. Kva utbytte har du hatt av samlinga? Eg har blitt kjent med mange som har gode idear og tankar rundt samferdsel i fylket. Eg har bygd eit større nettverk og eg har lært mykje som eg tek med meg i arbeidet i ungdomspanelet.

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post