Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Skoleskyss

Elevar som har rett på skoleskyss, får eige skysskort. Kortet gjeld på strekninga mellom bustad og skole. Skysskortet gir rett til skyss til skolen si ordinære start- og sluttid.

NB! Etter 17. mai 2018 blir det ikkje sendt ut erstatningskort. Fram til skoleslutt må det brukast midlertidige kort.

Ny skoleskyssportal frå hausten 2018

Frå skoleåret hausten 2018 vil Møre og Romsdal fylkeskommune gå over til eit nytt system for registrering av skoleskysselevar i Møre og Romsdal. 

Skoleskyssportalen skal bli brukt av:

  • Skole/kommune på vegner av eleven (grunnskole)
  • Eleven sjølv (vidaregående skole).
  • Tilsette på vgs (tilrettelagt skyss)

Brukarmanual ein bustad

Brukarmanual delt bustad

Sjølve systemet er integrert med folkeregisteret, og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn. Berekninga av avstand er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg fra eleven si adresse til eleven sin skole.

Portalen finn du her: https://skoleskyss.mrfylke.no

Generelle reglar, gjeld både grunnskole og vidaregåande skole

Det er ulike reglar for grunnskole og vidaregåande skole, og dei finn du i menyen. 

Skoleskyssordninga dekker ikkje:
  • Transport i samband med ekskursjonar, andre aktivitetar i skoletida, samt utplassering i ungdomskole.
  • Skyss av elevassistentar.
  • Reiser på ferie- og fridagar.
 

Ver merksam på

Delt bustad

Utrekning av avstand

Tilrettelagt skyss

 
 

Søknader

Søknader om skoleskyss blir levert til skolen dersom du er elev ved grunnskolen. Du finn dokumentet for søknad om skoleskyss til høgre på nettsida. Elevar på vidaregåande må søke om skyss sjølv. 

Har du spørsmål som gjeld skoleskyss send e-post til: skoleskyss@mrfylke.no

 

 

Kontaktpersonar

Jorunn Sølvberg:
Sunnmøre

Merete Daae:
Aure, Averøy, Halsa, Kristiansund, Nesset, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal, Tingvoll

Marianne Nerås:
Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Molde, Rauma, Vestnes

Dokument

Skyssreglement for grunnskole
PDF-dokument - 321,01 kB
Skyssreglement for vidaregåande skole
PDF-dokument - 310,22 kB
Skyssinformasjon frå skolen
PDF-dokument - 94,96 kB
Søknad om skoleskyss
PDF-dokument - 92,50 kB
Stadfesting om delt bustad
PDF-dokument - 156,50 kB
Skyssinformasjon ved voksenopplæring
PDF-dokument - 97,17 kB
Stadfesting voksenopplæring
PDF-dokument - 82,62 kB
Erklæring for lege eller sakkunnig
PDF-dokument - 112,78 kB