Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Beltekampanje

Beltekampanje

I samarbeid med Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) har Møre og Romsdal fylkeskommune utvikla ein kampanje som gjennom «leik og lær»-oppgåver skal vise elevar kor viktig det er å bruke setebelte når dei tek skolebussen.
 

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) har i fleire år arbeidd for at det skal bli setebelte i alle skolebussane. No er dette gjennomført gjennom ekstra løyvingar til ettermontering av setebelte, og nye kontraktar med busselskap.

Det meste av skoleskyssen skjer med bussar som har setebelte, (unntaket er bybuss), men det har vist seg at ikkje alle brukar setebelte i buss. Dette gjeld både barn og vaksne. Ei årsak til dette kan vere at mange bussar fram til no har vore utan setebelte. Passasjerar har derfor ikkje fått inn vanen med å bruke setebelte i buss. I ein rapport frå Sintef frå 2009 med tittelen: ”Hvem bruker ikke bilbelte – og hva er årsaken” kjem det fram at om du brukar setebelte eller ei, avheng i stor grad av gode og innarbeidde vanar.

Dei fleste barn lærer tidleg å bruke sikringsutstyr i bil, og får tidleg starte med å innarbeide gode vanar på dette. Det er derfor viktig at vi gjer
ein innsats for å vidareføre denne gode vanen også i skolebussane.
 
Setebeltekampanjen er eit opplæringstiltak for å auke bruken av setebelte i skolebussane. Barneskoleelevar skal gjennom oppgåver og leik bli minna på, og oppmuntra til å bruke setebelte i skolebussen. Målgruppa er i første omgang barneskoleelevar. I 2014 mottok skolane materiell til alle klassetrinn, for skoleåret 2015-2016 så er det 1. klasse og 4. klasse som er hovudmålgruppa. I 2014 vart det også arrangert ein konkurranse kor klassen skulle dekorere ein skolebuss med tema "hugs setebelte i bussen" vinnarbidraget ser du under.

 

I menyen til høgre kan du laste ned fleire oppgåver som du kan skrive ut! Men pass på! Aktivitetshefte er eit A4-hefte, mens Klipp og Lim er eit A3-hefte.

Kontaktpersonar

Elin Johanson Lyngstad Elin Johanson Lyngstad
kommunikasjons-rådgivar
71 28 01 79 /
Mob. 975 86 633
Send e-post

Dokument

Aktivitetshefte bokmål
PDF-dokument - 1,73 MB
Aktivitetshefte nynorsk
PDF-dokument - 1,79 MB
Klipp og lim bokmål
PDF-dokument - 4,33 MB
Klipp og lim nynorsk
PDF-dokument - 4,34 MB
Fargeleggingsark
PDF-dokument - 3,15 MB