Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

TT-ordninga

Transporttenesta er eit tilbod om dør til dør transport med drosje til personar som grunna si funksjonshemming har vesentlege vansker med å reise kollektivt.  

TT-kort 2017_forside

TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rettighet, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggjarar.

TT- ordninga er meint å dekkje fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre.  Dette gjeld til dømes reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa.

TT- ordninga blir administrert av Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som igjen samarbeidar med kommunane. Kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjer utarbeidd av fylkeskommunen. Dersom du ønskjer å bli vurdert som brukar, må du altså ta kontakt med heimkommunen din.

Saldo på kortet

I dei fleste drosjar vil saldo på kortet framkomme direkte ved å trekkje det gjennom drosjane sitt taksameter. Du kan også sjølv kontrollere saldo ved å:

Ring sentralbord:         35 58 60 40     Bemanna 24 timer i døgnet, kvar dag.

SMS:                           90 36 70 00     Send: ttkort «brukarnummer»

Internett:                     Gå inn på www.ttkort.no og tast inn ditt brukarnummer.

Ein kan og logge på egen brukarside på internett ved å gå til www.ttkort.no. Her må det logges inn med brukarnummer og passord. Passord får ein tilsendt i brev saman med TT- kortet.   

Tap av kort eller skade på kort

Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal dette meldast inn snarast mogleg ved å ringe 35 58 60 40 eller du kan ta kontakt med saksbehandlar i din bustadskommune. Gammalt kort vil da bli sperra og du vil få tilsendt nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta din brukarkonto.

Dersom kortet ikkje virker må brukaren betale turen sjøl. Ta vare på kvitteringen og send krav til TTT Administrasjon AS, postboks 2673, 3702 Skien

Flytting i eller ut av fylket

Om ein er godkjent TT- brukar og flytter innan fylket trengs ikkje ny søknad. Ein må likevel melde frå til saksbehandlar slik at ein blir registrert i rett kommune og i rett brukarsone. Person som er godkjent TT- brukar i anna fylker må søke på nytt ved flytting til Møre og Romsdal.  

Under dokument på høgresida ligg retningsliner, søknadsskjema og legeerklæring. 

For ytterligere informasjon kontakt Samferdselsavdelinga.

Kontaktpersonar

Silje Nerland Sættem Silje Nerland Sættem
Konsulent
71 28 02 82
Send e-post
Bente Marie Malme Bente Marie Malme
Konsulent
71 28 02 81
Send e-post

Dokument

Retningsliner 2015 revidert 01.08.2017
PDF-dokument - 66,73 kB
Erklæring
PDF-dokument - 623,95 kB
Søknad TT med elektronisk samtykke
PDF-dokument - 49,36 kB
PWC Evaluering av TT-forsøk
PDF-dokument - 1,01 MB
WHO sin definisjon av svaksynthet
DOCX-dokument - 12,18 kB