Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Drosjeløyve

Drosjeløyve

Dei som vil drive med persontransport mot betaling i Møre og Romsdal, må søke Møre og Romsdal fylkeskommune om løyve. Du kan søke om løyve for drosje og transport av funksjonshemma eller for selskapsvogn. I tillegg kan du søke om ruteløyve for buss, båt eller ferje.

Om drosjeløyve

Drosjeløyve gir innehavaren rett og plikt til å drive persontransport utanfor rute mot betaling, med bil registrert for inntil 9 personar, eller med bil registrert for 10-17 personar.

Det er berre mogeleg å søke når eit drosjeløyve er ledig. Ledige drosjeløyve blir kunngjort i annonser og på nettsida til fylkeskommunen.

Kva må til for å få løyve?

  • Du må drive ei fast og varig verksemd i Noreg
  • Du må ha god vandel 
  • Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne 
  • Du må ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Dette må du legge ved søknaden:

  • Politiattest
  • Tilsagn om løyvegaranti  (kr 85 000,-) frå bank eller forsikringsselskap
  • Attest på skatt og moms frå Skatteetaten og Kemner/skatteoppkrevjar  og stadfesting frå Konkursregisteret i Brønnøysund (må ikkje vere eldre enn tre månader)
  • Vitnemål frå eksamen frå godkjente teoretisk opplæring, eller tildelt drosjeløyve

Når vedtak om tildeling av drosjeløyve er gjort, vil du få ein frist til å  legge fram garantierklæring. 

Gods- og turvognløyve og fellesskapstillatelse søker du hos Statens vegvesen. For riksvegferjer må du søke Vegdirektoratet.

Kontaktpersonar

Jan Eirik Søraas Jan Eirik Søraas
Rådgivar
71 28 02 80 /
Mob. 95 92 03 31
Send e-post

Ledige drosjeløyve

Halsa Taxi (eitt løyve)
Søknadsfrist: 8. juli 2019

Fjørtofta i Haram kommune (eitt løyve)
Søknadsfrist: 19. juli 2019